STORM OG STILLA

 

GULLKALVEN

 

KAMPEN FOR LIV OG NÆRING,

SLITET FOR DAGLEG BRØD.

GAV POESIEN TÆRING,

LENGE LÅG TANKEN DØD.

 

KJENNE KOR SMÅTT DET VAKNA,

VAKNA I GAMLE BEIN.

KJENNE KOR PANTET RAKNA,

PANTET FOR HUS OG HEIM.

 

VEIT EG SKAL VINNA KAMPEN,

KAMPEN MOT FUT OG BANK.

DÅ SKAL EG TENNA LAMPEN,

SKRIVA MEG FRI OG FRANK.

 

BANNA MOT STATENS PAVAR,

DEI SOM STIKK KURSEN UT.

GJER OSS TIL GJELDA SLAVAR,

VELSTAND GAV BERRE SUT.

 

SUT FOR Å KLARA LÅNET,

LÅNET PÅ DAUE TING.

I REDSLA FOR NABOHÅNET

GÅR ME I SLUTTA RING.

 

RING , KRING OM SJØLVE KALVEN,

KALVEN AV SKIRE GULL.

DANSA TIL KJEMPESALVEN

GJER OSS VÅR LAGNAD FULL.

 

LIGG ME TIL SLUTT I MOLDA,

OPPSMULDRA, GLØYMDE LIK.

FOR MAKK VART ME BRUS OG BOLLA,

MOT VÅRT VART ME BERRE SVIK.

 

 

 

 

 

 

FEIEØY

 

FEIEØY I MAI.

DAR EG LÅG TIL KAI.

HAN SAT DER PÅ HOLMEN FØRR SEG SJØL.

I DEN LUNE BAY,

TRAFF EG ATT OLAI.

HAN SAT DAR Å LESKA SEG PÅ ØL.

 

REFRENG.

TAR DU MED EI HELSING TIL GAMLE AUSTEBYGD.

FRÅ EIN ASYLANT PÅ HOLMEN GRÅ.

TAR DU MED EI HELSING TIL GAMLE AUSTEBYGD.

SEI EG HAR DET BRA. EG HAR FÅTT TRYGD.

 

HIT EG KOM I LAND SOM EIN SLEGEN MANN.

HEIME DAR LÅG LIVET MITT I GRUS.

KÅNA MI FORSVANN MED EIN MÅNGERMANN.

ETTERPÅ GJEKK EG I EVIG RUS.

 

REF:

 

BILEN VART TIL VRAK DÅ EG FUDL OG LAK,

KJØRTE PÅ EIN HEST SO HAN DATT DØ.

DERMED VART DA SAK, EG I FENGSEL RAK.

ONGA MINE RØMDE SO TIL BØ.

 

REF:

 

ALT GJEKK OVERSTYR. HUSET MITT TOK FYR.

DÅ MITT APPARAT SA PANG OG BANG.

MEN DÅ SPRIT BRANN OPP SA TIL SLUTT EG STOPP.

RODDE HIT TIL FEIE NATTA LANG.

 

REF:

 

ETTER SO EI STUND TRAFF EG PÅ HO GUNN.

HO HAR GJETT MEG LIVET NO PÅ NY.

HO E KÅT OG RUND, JA HO E EIT FUNN.

IKKJE MED HAN RØKKE VIL EG BYTT.

 

REF:

 

HER E GODT Å BU,JA DA MÅ DE TRU.

EG FEKK MAT OG HUS OG SAFTIG TRYGD.

GLØYMT E GRØSS OG GRU, ALDRI VIL EG SNU.

SEI EG LODDRETT DRIT I AUSTEBYGD.

 

TAR DU MED EI HELSING TIL GAMLE AUSTEBYGD

FRÅ EIN ASYLANT PÅ HOLMEN GRÅ.

TAR DU MED EI HELSING TIL GAMLE AUSTEBYGD.

SEI EG HAR DET BRA. EG HAR FÅTT TRYGD.

 

 

 

 

 

 

Beskrivelse

Overskrift

IKKJE LYS OG IKKJE VARME

 

IKKJE LYS OG IKKJE VARME,

TRU OG HÅP DA KAN EG GLØYMA.

INNKASSOVARSEL FEKK EG

OG FORLIKSRÅD STÅR FOR TUR.

OM SOL OG VÅR OG SOMMAR

DA KAN EG BERRE DRØYMA.

SKJELV OG FRYSE,SLØKT ER LYSET.

E DA RART AT EG E SUR.

 

MÅNEN SOM STÅR OPP I KVELD,

SKAL FRYS FOR OSS DU KJÆRE.

OG MINNA OSS OM LØFTER

SOM ALLE HAR BLITT BRUTT.

VÅRT STORTING OG REGJERING

DEI SJØNNA IKKJE BÆRET.

FØRR SKINNET HAR DEI SELDT,

FØR BJØRNEN DEN VAR SKUTT.

 

 

 

MÅNEN SOM STÅR OPP I KVELD

SKAL FRYS FOR MEG I NATTA.

FOR STRAUMEN I FRÅ FJORDKRAFT

E AVTSTENGD MED EI TÅNG.

EI REKNING SO HEILT JÆKLIG

AT DET VA KJE TE Å FATTA.

MANGE TÅRER, STYGGE BANNORD

HAR EG LAGT I DENNE SONG.

 

TIL MINNE OM DEI JÆKLIGE STRØMPRISANE

I BEGYNNELSEN AV 2000 TALET.

 

 

HANDELSLAGET

 

UTE PÅ NORÅNG DAR LÅG DA EIT HUS

FYLT OPP UT AV ALT SOM ME TRENGDE.

FRÅ SPIKAR TIL POTE, FRÅ DROPS OG TE SNUS.

ME FEKK DA I SMÅTT ELLER MENGDE.

EG MINNAST BUTIKKEN FRÅ BARNDOMMENS ÅR.

EIT SNEV UTAV PARADISET.

JOHANNO OG ANNO BAK DISKEN DEI STÅR,

NÅR GUDRUN TOK TAK VA DA KRISE.

 

REF:

HANDELSLAGET, TAPT E SLAGET

NYTIDA TOK DEG TE SIST.

HANDELSLAGET. TAKK FOR LAGET.

JA DETTA VA SØRJELEG TRIST.

 

JOHANNO OG ANNO VA ENGLAR FRÅ MJØS.

FRÅ ØVRE OG NEDRE MÅ VETA.

BUTIKKDAME VA DEI OG LUKTA EI FJØS.

DEI LUKTA SOM SÅPEBETA.

EIT STORHENDE VA DA KVER EINASTE JUL.

NÅR DEI HADDE PYNTA I GLASET.

DÅ NISSA OG ENGLA KOM FRAM AT FRÅ SJUL.

JA DÅ SKAL EG SEI DA VA STAS ,JA.

 

REF

 

HONNØR OG TIL INGE, BUTKKSJEFEN VÅR.

FORTENT VIL EG SEI DU ER TRYGDA.

I LAG MED MARIA I ALLE DEI ÅR.

DE BEST KJENTE FOLKET I BYGDA.

FRÅ UNGAR I BLEIE SOM KOM MED HO MOR

TIL GAMLE I OLDINGEALDER.

SAMT FJORTISS OG SMÅSLAUR SOM STAL SOM EI SJOR,

MEN DÅ LAGDE INGEN RABALDER.

REF

 

SNART EIT HUNDRE ÅR, MEN NO E DA SLUTT.

FEMTANE MAI I NULL FIRA.

TIL LAVPRIS OG SPARPRIS SPRANG JENTE OG GUTT.

PÅ HALV STANG ME FLAGG NO KAN FIRA.

DEN GAMLE BUTIKKEN PÅ NORÅNG E DAU

OG BYGDA HAR DRATT DEG TIL GRAVA.

FØRR ME HAR BLITT REMA OG RIMI SIN SAU.

AV NYTIDA HAR ME BLITT SLAVA.

REF

 

UTE PÅ NORÅNG DAR LIGG DAR EIT HUS

SO TØMT OG SO VRENGD HEILT TIL SKINNET.

VÅR GAMLE BUTIKK LIGG FOR ALLTID I GRUS.

I DAG HAR DEN BLITT TIL EIT MINNE.

MARIA DEN SISTE BAK DISKEN TRER AV,

MOT ENDEN DU SKUTA LAUT FØRA.

NO SIGLAR BUTIKKEN PÅ MINNENES HAV.

LYS SLØKKES OG ATTLÅST E DØRA.

 

HANDELSLAGET. TAPT E SLAGET.

NYTIDA TOK DEG TE SLUTT.

HANDELSLAGET. TAKK FOR LAGET.

JA DETTA VA SØRJELG ILT.

Beskrivelse
Beskrivelse
Beskrivelse

 

KLASSEFEST AUSTRHEIM ÅR 2000

 

MEL : Norge i rødt;hvitt og blått

Velkommen til vår klassefest,

frå sør og nord,frå fjell og fjord.

Til  samling her i vest.

Velkommen kvar ei kvinne,mann

som tok seg tid, som tok seg fri

og hit til Austrheim fann.

 

No skal me feira til langt utpå natt,

strama inn band me i ungdomsåra batt.

Me skal eta å drikka å dansa.

Me skal prata om gammalt og nytt.

No i kveld skal frå Verda me stansa.

Passa på att me saman vert knytt.

 

No har det vandra mange år.

Frå me tok fatt,på livet bratt.

Og alle fekk me sår.

Ja kjempa har kvar jente, gut.

Og om me vann litt gods og land,

mest gjekk til skatt og fut.

 

Livet da vart ikkje glitter og glans.

Sant som da e, da vart slettes ingen dans.

Men me lever og elskar og leva.

Derfor set me her alle i kveld.

Til oss sjølv skal me glasa no heva,

lat oss ønsja oss lukke og hell.

 

SKÅL !!!!!!!

 

Ja brente er me kvar og ein.

Med gråe hår, med sjelesår,

med gikt i mångt eit bein.

Men da e sånt som høre te

når livet går sånn år for år

og tvingar oss i kne.

 

Men me skal kjempa og slåsst til da smell.

Satsa på livet, på lukka og på hell.

Ikkje angra på ting som me gjorde,

ikkje gråta av mjelk som e spilt.

Kan du det har du skjønt da heilt store

og då får du da ikkje so ilt.

 

Hurra for oss som kom i kveld

til Austrheim ut, kvar jente gut,

frå fjord, frå dal, frå fjell.

Men ikkje må me gløyma dei

som ikkje kom som var heilt tom,

som var ei anna lei.

Dei må me få med om fem nye år.

Ny komite: dette oppdrag no det får.

 

Men no skit me i alt som oss plagar.

No i kveld skal me feira i hop.

Minnast solgylte ungdommens dagar.

Stem no i alle saman og ROP:

 

HURRA FOR OSS!!!!!!!!!

 

Overskrift

PASS DIN MUNN

 

EG VANDRA VILL I UNGE ÅR

OG LIVET GAV MEG SÅR PÅ SÅR.

TIL EG LÅG HJELPELAUS PÅ KNE,

FORUTAN TRU, FORUTAN FRED.

EG GJEKK MEG BORT

EG KOM TIL KORT.

DET HEILE GJEKK UTRULEG FORT.

 

EG VANDRA VILL I MANGE LAND

OG SETTE LIVET MITT I BRANN.

TIL EG SO SVARTSVIDD OG FORBRENT

VART HEIM TIL FEDRELANDET SENDT.

MITT LIV VAR BRAKK

EG STOD I SJAKK.

OG HEIM EG KOM TIL BYGDESNAKK.

 

DEI RENDE RUNDT I SLARVERUS

OG RYKTE FLAUG FRÅ HUS TIL HUS.

DEI DRAKK SO MANG EIN KAFFIKOPP

NÅR SNAKKET OM MITT LIV KOM OPP.

DEI KVISKRA STILT.

DEI TALA ILT

TIL SLUTT SO VART DET HEILE VILDT.

 

FOR FJØRER VART TIL FEITE GÅS

OG HELST DEI SÅG EG SAT BAK LÅS.

I DEIRA SYN VAR SOGA KLÅR,

EG VAR EI SKAM FOR BYGDA VÅR.

MEN TAKK OG PRIS,

TRASS BYGDAS RIS.

EG TOK MEG SAMAN PÅ EIT VIS.

 

MEN MANGE SOM ER SLÅTT FRÅ FØR

OG HEIMATT KJEM TIL ATTSTENGD DØR.

GÅR RETT MOT STUPET ETTERPÅ

OG INGEN MEIR KAN SLIKE NÅ.

I LIVETS SPEL

VIL SLIK EI SJEL

MOT AVGRUNN SLÅ SEG SKVETT I HEL.

 

MORALEN.

 

SLÅ ALDRI DEN SOM ALT ER SLÅTT.

SKJER EI I SKINN SOM ALT ER FLÅTT.

STRØ IKKJE SALT I OPNE SÅR,

STENG IKKJE LYS DER MØRKET RÅR

MEN PASS DIN MUNN.

DET KJEM EI STUND.

DÅ DU OG DITT SKAL STÅ PÅ GRUNN.