NORDSJØDIKT 1981 TIL 1986

Beskrivelse
Beskrivelse

NORDSJØLIV

PAPPA KOM HEIM

 

PAPPA KOM HEIM , EG E LEI AV Å VENTA.

NO HAR EG VENTA HEILT FRÅ DU FOR.

MAMMO HAR SAGT AT I DAG VERT DU HENTA

AV EIT KOPETER SOM LANDA OMBORD.

 

SO SKAL DU REISA MED DA INN TIL ENGLAND,

SO SKAL DU FLYGA PÅ NYTT MED EIT FLY.

VINK NED TIL MEG FØR DU LANDA PÅ FLESLAND,

BE FLYGAREN IKKJE GÅ BAKOM EI SKY.

 

DÅ SKAL EG STÅ UTPÅ HAUEN Å VINKA.

MAMMO OG BJØRNEN SKAL OG VERA MED.

HVISST DA E MØRKT SKAL MED LYSA EG BLINKA.

LOV MEG NO PAPPA AT DU VIL SJÅ NED.

 

HUSK OG KJØP TYGGIS OG SMÅSOKKELADA,

DA LIKA EG OG HAN PILLEBJØRN BEST.

EG OG HO MAMMA OG BJØRNEN HAR BADA

OG PYNTA I HUSET FOR NO VERT DA FEST.

 

PAPPA KOM HEIM,EG E LEI AV Å VENTA.

HÅPA DU LANDA LITT TIDLEG I DAG.

SIST DU KOM HEIM VAR DET LANGT OVER MIDNATT

OG EG HADDE SOVNA OG SÅG KJE DET SLAG.

 

PAPPA KOM HEIM I FRÅ HAVET DER UTE,

LA IKKJE SKODDE OG STORM SPERRE VEG.

HÅPA EG SNART HØRE BILEN VÅR TUTE,

KOM HEIMATT TIL MAMMO OG BJØRNEN OG MEG.

 

 

 

Overskrift

FØRST TIL MØLLA

 

I DAG ER DET CREWSKIFT OG FERSKE AVISER.

EN UKE HAR VANDRET OG EN STÅR IGJEN.

JEG LESER MED GRØSS OM FORSKJELLIGE KRISER

OM KRIG OG OM NØD PÅ EN JORD SOM FORLISER.

OM FOLK UTEN ARBEID OG ØKENDE PRISER.

SLIK LESER JEG ALT TIL DE MINSTE NOTISER.

SÅ GJEMMES, SÅ GLEMMEST DET HELE OMSENN.

 

FOR JEG HAR JO MITT OG JEG LEVER I NUET,

EN UKE HAR VANDRET OG SNART SKAL JEG HJEM.

DET HOLDER MED RIGGEN, FAMILIEN OG CREWET,

FOR TIDEN ER INGEN AV DELENE TRUET.

OG SELV ER JEG FRISK OG SÅ LANGT I FRA KUET.

SÅ DA GLEMMEST FORT BÅDE GRØSSET OG GRUET.

Å TENKE PÅ ANDRE DET FØRER EI FREM.

 

SLIK LEVER JEG LIVET SÅ HELT UT BEFRIET,

FOR VERDENS PROBLEMER JEG TAR IKKE DEL.

JEG LEVER MITT LIV I FAMILIEHIET

OG ALT SOM ER TRIST BLIR BEHENDIG FORTIET.

JEG SKÅLER FOR NORGE OG DEMOKRATIET,

VED VALGET SÅ STEMTE JEG RETTE PARTIET.

JEG KOM FØRST TIL MØLLA OG SIKRET MEG MEL.

 

 

Beskrivelse

Overskrift

LANDLOV

 

SET FLASKENE FRAM FRÅ HYLLA,

HER KJEM DEN FORTAPTE SON.

NO UNNER EG MEG EI FYLLA,

NO STIKKER EG HOL PÅ BYLLA.

NO GLØYMER EG SJEFANES HÅN,

EG ROUGHNECK FRÅ TREASURE SWAN.

 

I DAG KOM EG HEIM FRÅ FELTET,

SPRENGD SOM EIN TORSK PÅ LAND.

MEN NO HAR EG PENGAR I BELTET,

SO EG SKAL SO LANGT I FRÅ SVELTE.

OG DEI SKAL BLI BRUKT MED FORSTAND,

SOM DET TER SEG EIN BOREDEKKSMANN.

 

FOR NO SKAL EG RIGGEN GLØYMA,

HERRE MIN GUD OR EIT LIV.

NEI NO SKAL EG DRIKKA OG DRØYMA,

NO LØYSER EG ALLE TØYMA.

HEILT TIL I SVIMA EG SVIV,

NÅR SPRITEN I KROPPEN RIV

 

FEM ÅR PÅ BOREDEKKE

HAR SETT SINE KLÅRE SPOR.

DRAUMEN OM OPPRYKK ER VEKKE,

TIL TOPPS KJEM DEI SMARTE OG FREKKE.

EG EVIGE ROUGHNECK OMBORD,

MED MEG GJEKK DE NER OG NORD.

 

SKADER FRÅ PIPE OG TENGER

STÅR ARRA PÅ KROPPEN MIN.

BEINBRUDD OG STYGGE FLENGER

OPPHALD I SJUKEHUSSENGER.

HAR GITT MEG EIT REVE SKINN

OG HERDA MITT UNGE SINN.

 

BETALING FOR INNSATS ER LITEN,

I FORHOLD TIL JOBBEN VI GJER.

TIL LØNSKAMPEN VART VI FOR SLITEN,

SO NEDTRAKKA ER VI I DRITEN.

SOLDAT I EIN LURVETE HÆR.

SOLDAT MED DET KNEKTE GEVÆR.

 

EG VEIT AT MI TID DEN LAKKA,

SNART TAR MINE KREFTER SLUTT.

DÅ STÅR EG VEL DER SOM EIN STAKKAR,

MED HATTEN I HANDA OG TAKKAR.

"FORDI DU HAR KJEMPA SO TRUTT,

TA JOBB NO SOM BYSSEGUTT."

 

 

DERRIKMANN VIGGO

 

DET VAR DERRIKMANN VIGGO FRÅ HARSTAD

EIN HUMØRFYLT OG TRIVELEG KAR.

SAMT EIN ROUGHNECK MED ETTERNAVN FARSTAD

SOM SPRANG TØRSTANE INN PÅ EIN BAR.

 

DEI VAR NETT KOMEN INNAT FRÅ FELTET

ETTER TO VEKERS HARDKJØR OMBORD.

OG NO SAT DEI MED PENGAR I BELTET

KRING EIT VELFYLT OG OPPFLASKA BORD.

 

DEI VAR TØRSTE SOM SOLSVIDDE RØTER,

SNART DET SKAVALPA I MAGEN AV ØL.

DEI FEKK KJENNING I HENDER OG FØTER

OG FEKK LIVSMOT SOM VÅRKÅTE FØL.

 

GLØYMT VAR SLITE MED PIPE OG MED CASING.

GLØYMD VAR MUDROMMETS LORTETE HOL,

NO FOR SLITET SITT FEKK DEI OPPREISING,

DEI VAR ATTER EIN GONG KOMT I MÅL.

 

OG NO VENTAR DEI FREDLEGE DAGAR

LANGT FRÅ LARMEN OG BRÅKET OMBORD,

GLØYMT VAR ALLE DEI STRESSANE PLAGAR,

GLØYMT VAR SNØEN SOM FALL I FJOR.

 

MEN NÅR FRIPERIODEN TEK ENDE

OG DEI VEIT AT DEI SNART LYT GÅ

UT TIL JOBBEN DEN GAMLE OG KJENDE

DÅ VERT KVARDAGEN ATTER GRÅ.

 

 RÅD TIL EIN VEN

 

RÅD TIL VENEN MIN ANDREASSEN

SOM TØRST SOM EIN KAMEL

SET I STOLEN SIN OG LENGTAR I MOT LAND.

MASKINIST MED ANDRE KLASSEN

NO DEI SISTE TIMAR TEL.

SNART DU HEIMATT DREG TIL GAMLE KARMØYSTRAND.

 

PERIODEN GÅR TIL ENDE,

DU FÅR VEKEVIS MED FRI.

DU LYT PASSA DEG FOR FLASKA NÅR DU DREG.

ELLERS BRUENE VERT BRENDE

OG FOR EVIG DU FÅR SVI.

PÅ DEN GUDSFORLATTE EINSAME VEG.

 

GJEV DU FLASKA EINE FINGEN

TEK HO HANDA DI TIL SLUTT

OG MOT STUPET VERT DU DREGEN UTAN BØN.

NÅR AV KONA DU FÅR RINGEN

DÅ ER SISTE REISA STUTT.

DU FORTENER IKKJE SLIK EI BITTER LØN.

 

DIFOR TA DEG NO I VARE

OG LA MEG FÅ KVOTEN DIN

NÅR I TOLLEN DU HAR FLASKER FÅTT KLARERT.

EG KAN REDDE DEG FRÅ FARE

GJEV MEG SPRIT OG SURE VIN.

EG HAR LIKEVEL LAGT LENGE HAVARERT.

 

 

FARVEL  W.W.

 

MED W.W. OVER ALLE HAV

GÅR SISTE REISA MOT SI GRAV.

ALT FÅR TIL SLUTT SIN ENDE.

NO PAKKAR SJØFOLK NED SIN SEKK,

DEI MØNSTRAR AV FRÅ DØRK OG DEKK

OG FLOKKVIS HEIM VERT SENDE.

 

MED W.W.OVER ALLE HAV,

DET FLAGGAST UT I SØKK OG KAV

OG RIGGAR GÅR I BØYA.

I HAUGESUND DEI LIGG PÅ SNOR

MED CHIEF OG PLATTFORMSJEF OMBORD.

FORANKRA OG FORTØYA.

 

TIL W.W. OVER ALLE HAV

KJEM KREDITORAR NO MED KRAV.

FORFALT HAR RENTERS RENTE.

DER SIT DEI RUNDT FORHANDLINGSBORD,

MOT NATT DET LYSER FRÅ KONTOR,

MEN LITE KAN DEI HENTE.

 

MED W.W. OVER ALLE HAV.

W.W. TOK OG W.W. GAV.

SNART ER DET BERRE MINNE.

HA TAKK FOR ALT OG KVIL I FRED

NÅR SISTE FLAGG ER FIRA NED

OG SISTE RIGG LIGG INNE.

 

(TIL MINNE OM  OLJESAMMMENBRUDDET I 1986)

 

 

 

Overskrift
Beskrivelse
Overskrift
Beskrivelse