Standard side

Overskrift

EINSAM

 

TOMT VAR HUSET DÅ DU VAR DREGEN.

EINSAMT VART DÅ DU VAR DRATT.

HUNDRE MIL STÅR OG SPERRAR VEGEN,

GJER MEG MOTLAUS OG SVIMESLEGEN,

NO NÅR DAG GÅR MOT NATT.

 

HULT ER SURRET FRÅ FJERNSYNSKJERMEN,

ORD OG BILDE DREG MEG FORBI.

TIL DEG MI KJÆRE GÅR TANKESVERMEN,

IKKJE PRISAR EG UNGKARSPERMEN,

SLIK KAN KJÆRLEIKEN SVI.

 

FALSK ER VARMEN FRÅ DRAMMEGLASET.

SJØLV I RUSEN SIT LENGT OG SAVN.

ALDRI MEIR SKAL EG SEI DEN FRASE,

AT OVER GJERDET GROR BESTE GRASET.

DU ER MI HAVN.

 

TOMT OG STILLE ER HEILE HUSET

NÅR NATTA KJEM OG EG GÅR TIL RO.

OG KALDT I MØRKET VIL VINDEN SUSE,

MEN I MIN KROPP DER VIL KJENSLER BRUSE.

AV LENGT I HEITE BLOD.

Beskrivelse

LIVET I TRE VERS

LIVETS KLOKKE GÅR OG GÅR,

TIMAR, DAGAR, MÅNAR, ÅR.

DRIV OSS FRAM MOT NATTA

BARNDOM,SEVJE,UNGDOM,VÅR.

FRAMTID VENTAR. TANKEN KLÅR.

FRAM MOT LIVETS SKATTA.

 

BORT FRÅ HEIMEN,FAR OG MOR.

LIVET LOKKAR, LENGTEN STOR

SJØLV ME LIV VIL LEVA.

SNART ME GÅR DEI SAME SPOR

DAR DEN GAMLE SLEKTA FOR.

SLÅST MED NAKNE NEVA

 

KNOKEN BLØR OG LIVET BRENN.

SJÅ OG HØYR, JA BERRE KJENN

DET SOM LIV FEKK LAGA.

SJÅ DITT KJØT BLI KVINNER , MENN.

NO DEI ER I SAME RENN.

FORT GÅR LIVETS DAGA.

 

 

 

 

Beskrivelse

Overskrift

 

 

 

Beskrivelse