FARVEL TIL EI HAVN
HER ER GJORT KA GJERAST KUNNE
ME HAR BRUKT DEN SISTE CENT.
ALT
SOM ME MED SLIT HAR VUNNE
HAR ME NO FOR EVIGT SPENT.
JA FARVEL TIL ALLE BARAR
RUNDT DEN HEILE SYNDAS HAVN.
ALT DET SJØFOLKA DEI SPARAR
GÅR I SJAPPEVERTENS FAVN.
OG FARVEL TIL ALLE KVINNER
SOM ER BARENS INVENTAR.
NO DEI ANDRE SJØFOLK FINNER
SOM MEIR GRYN I LOMMA HAR.
ALDRI LÆRER
NOREGS SØNER,
SAME FEIL KVAR JÆVLA GONG.
NEI HER HJELPER INGEN BØNER,
FEST OG SVIR ER GUTENS TRONG.
OG NÅR NATTA GÅR TIL ENDE,
GÅR ME FYLLASJUK OMBORD.
STUNDOM VAKTENE BLIR BRENDE,
STUNDOM MANGLAR KLER
OG SKOR.
MANGE VRAK AV UNGE GUTAR
LIGG I HANDELSFLÅTENS SPOR.
HEIME MANG EIN RYGG SEG LUTAR
AV EIN NEDKNEKT FAR OG MOR.
NOKON DEI VERT VANT TIL FLASKA
SOM ER SJØFOLKS MEDISIN.
SLIK DEI
GJENNOM LIVET BASKA
TIL DEI DØYR SOM FYLLESVIN.
ANDRE DEI FOR SVINN I HAVNAR
NOKON DEI GÅR OVERBORD.
HANDELSFLÅTEN INGEN SAVNAR,
DET ER NOK AV FOLK PÅ JORD.
SLIKT KJEM SJELDAN I AVISA,
DET ER LITE POPULÆRT.
REDARSTANDEN SKAL ME PRISA
HAR ME FRÅ VÅR BARNDOM LÆRT.
MANGE
I DEN NORSKE FLÅTE
VIL NO SIKKERT SEIA FRÅ,
AT DET FÅR NO VERA MÅTE.
SLIKT EIT SNAKK KAN IKKJE GÅ.
DÅ MED EIN GONG VIL EG SEIA
AT EG MEINER IKKJE DEI.
SOM I HØGSETE SEG BREIA,
MED SIN CAPS
SO FINT PÅ SNEI.
DEI HAR STRITT OG VUNNE KAMPEN,
MEN DET FINNST NO UNNATAK.
DEI SO HENG SO LAUST I TAMPEN
MELLOM OFFISER OG VRAK.
EG HAR SETT SO MANGE MENNER
GRÅTA AV SITT TAPTE LIV.
HEIME
INGEN MEIR DEI KJENNER,
NO DEI RUNDT SOM VRAKGODS DRIV.
MEN NO SLUTTAR EG Å KLAGA
FOR DET HJELPER INGENTING.
EG HAR SJØLV MIN LAGNAD LAGA
OG GÅR RUNDT OG RUNDT I RING.
OG EG STANGAR I MOT MUREN
MENST EG ROPAR I MOT LAND.
OG NO SET EG TRØYTT OG STUREN
ALT MENST LIVET STÅR I BRANN.
AKK
LA GÅ EG LYT VEL REISA
TIL EG STURTAR EINKVAN STAD.
TIL EG OVER ENDE DREISA
EG KAN ALDRI MEIR BLI GLAD.