LETT BLANDING

Beskrivelse

Overskrift

TIL FAR

 

GAMAL OG GRÅ AV EIT LIV I KAMP.

SLITEN OG TRØYTT UTAV VERDAS TAMP.

SER DU DEG NO ATTENDE.

MOT LIVSÅR SOM OPP ER BRENDE.

LIVSÅR ER BRENDE MEN MINNER STÅR

KROPPEN ER GAMAL, MEN TANKEN KLÅR.

DET ER EI TRØYST MOT NATTA,

VERD MEIR ENN VERDAS SKATTA.

 

MINNER OM SØSKEN, OM FAR OG MOR,

MINNER SOM LEVER OM MOSEN GROR,

PÅ GRAVA TIL SNART DEI FLESTE.

SORGA BEIT TIDLEG FESTE.

SØSTER OG BROR I SIN UNGDOMS GLANS,

FAR DIN VART SJUK OG FEKK OG SIN KRANS.

 

TO REISTE BORT TIL EIT FRAMANT LAND,

NO VAR DU ELDST OG LAUT GJE DI HAND

TIL MOR DI SOM SAT TILBAKE.

MANGT LAUT DU DÅ FORSAKE.

VER GLAD AT DU GAV HO DI STØTTE DÅ.

SLITEN VAR MOR DI AV MOTGANG GRÅ.

DU VAR HENNAR LYS I MØRKE.

SOM VATN MOT SOLSVIDD TØRKE.

 

MAGER VAR GARDEN DÅ DU TOK FATT.

VASSJUKE MYRAR MED STEIN OG KRATT

VAR ARVEN SOM PÅ DEG VENTA.

LITE DER VAR Å HENTA.

MEN DU VAR UNG OG KROPPEN STERK,

BYGDE MED TOLMOD DITT LIVSENS VERK.

SAKTE KOM LØN FOR STREVET.

GODT VAR DET DÅ Å LEVE.

 

JENNTA DU ELSKA GAV EKSTRA GNEIST,

MYRER VART DYRKA OG NYBYGG REIST.

HARDT VAR DITT BONDEYRKE,

HO GAV DEG MOT OG STYRKE.

NO VART DITT LIV TIL DEN GODE LEIK,

UNGAR I VOGGA OG BARNEPREIK.

DET LIVSFYLTE UNGEBRUSET

GAV LATTER OG LIV I HUSET.

 

EIT TIÅR MED LUKKE SO VAR DET GJORT,

VENEN VART SJUK OG GJEKK TIDLEG BORT.

FÆLT LAUT DU SJÅ HO LIDA,

HEILT TIL DEN SISTE TIDA.

SOLA GJEKK NED, DET VART MØRKT OG KALDT,

MED MORLAUSE BARN SAT DU ATT MED ALT.

HJELPELAUS, HEILT ÅLEINE,

EINSAM I NATTA SEINE.

INGEN KAN VETA KOR SLIKT TEK PÅ

UTAN OM DEN SOM ATT LYT STÅ

OM SORG KAN EIN IKKJE LÆRA,

SORG MÅ EIN BERRE BERA.

 

TIDER HAR VANDRA OG BARN BLITT MENN,

OPPTATT MED SITT DEI FOR SINE BRENN.

GAMAL, AV LIVET SVEKKA,

KJEM DU I ANDRE REKKA.

SJÅ LIKEVEL KOR DITT LIV DET GROR,

UNGAR I LEIK PÅ DI BARNDOMS JORD,

 

UNGAR SOM KJEM TIL BESTE.

GJEV DEG MOT NATT EIT FESTE.

I DEI HO LEVER SOM FALL IFRÅ.

SJØLV NÅR DU DØYR VIL DU ENN BESTÅ.

I KNOPPSKUDD SOM FRAM SEG TVINGA.

STADIG I STØRRE RINGA.

DET ER DET STORE MED FAR OG MOR

ALLTID DEI LEVER I LIV SOM GROR.

LIVSVEV FRÅ DEI SKAL SPINNA,

DØDEN KAN ALDRI VINNA.

 

 

MORS GRAVFERD.

 

MIDT I STOVA STÅR GRAVFERDSKISTA

MED SNØKVIT DEKKE SOM UNDERLAG.

I DEN LIGG MOR SOM ME NO HAR MISTA,

TILBAKE ER ME SOM TREET KVISTA

EIN GRÅ OG HAUSTTUNG OKTOBERDAG

 

OG HEILE STOVA VERT FYLT TIL RANDA

MED SLEKT OG GRANNE FRÅ BYGD OG BY.

FORUTAN ORD TEK DEI FAR I HANDA.

MED SORG OG BLOMAR ER HEIMEN BLANDA.

DET ER SOM LUFTA ER TUNG SOM BLY.

 

ME SIT PÅ BENKEN MED FAR VED SIDA,

TRE UNGE GUTAR SOM MOR HAR MIST.

MED SÅRE MINNE FRÅ SISTE TIDA,

DÅ MOR LÅG SJUK OG SO ILT LAUT LIDA.

DEN SISTE TIDA VAR TUNG OG TRIST.

 

OG GRAVFERDSONGEN DEN FYLLER STOVA

OM "KVITE FLOKKAR LIK BERG AV SNØ"

SOM EVIGT LIV FEKK AV GUD I GÅVA

OG NO I HIMMELEN HERREN LOVA.

FØRST DÅ FORSTOD EG AT MOR VAR DØD.

 

FRÅ FAR SITT ANDLET RANN SALTE TÅRE

OG SJØLV SO FALL EG I KRAMPEGRÅT.

I NAVNLAUS SORG UT AV SAKNET SÅRE,

MIN BARNDOM ENDA VED MOR SI BÅRE.

MED SJELV I KROPPEN AV TÅRER VÅT.

 

 

MINNE TIL EIN GOD GRANNE.

 

MØRKT DA LYSE FRÅ NABOHUSET,

GODE GRANNE HAR REIST FOR GODT.

LA VARME MINNE SOM FØHNVIND SUSE

OM DEG DU GRANNE SOM FRED HAR FÅTT.

 

JA, FREDENS MANN. DU GJEKK STILT I DØRA.

EG KAN KJE MINNAST  EIT SJEIVE ORD.

FRÅ DIMME BARNDOM, NO GRÅ I FJØRA.

DET SAME SEIER MIN FAR OG BROR.

 

DU VAR EIN JORDTRÆL AV GAMLE SLAGET.

AV VASSJUK MYR SKAPTES GRØNE ENG.

EIN SJØLVLÆRD MESTAR I BONDEFAGET.

DU SJØL VAR SJEF OG DU SJØL VAR DRENG.

 

DU FANN DI LUKKE OG TRAFF DI JENTE.

EI TRUFAST STØTTE I MANGE ÅR.

HO GAV DEG KREFTER DU IKKJE KJENTE.

MOT HAUST OG VINTER. FRÅ SOMMAR ,VÅR.

 

MOT HAUST OG VINTER DÅ JENTA REISTE.

DI SOL GJEKK NED. DA VART MØRKT OG KALDT.

DET KVAPP I BYGDA DÅ FLAGG DE HEISTE.

HALV STANG ER SLUTTEN OG SEIER ALT.

 

DU GJEKK I MØRKE, MEN LIVET VAKNA.

DU KOM TIL KREFTER. DU KOM DEG ATT.

I BARNEAUGE VAR HO DU SAKNA.

EIN OLDEBESTE SOM SAMAN BATT.

 

MØRKT DA LYSE FRÅ NABOHUSET.

MÅSEPARET HAR GÅTT TIL RO.

ALL TID EG LEVER SKAL MINNER SUSE

OM EVIG KJÆRLEIK SOM BATT DE TO.

 

 

 

 

Beskrivelse

Overskrift

GAMLE BESTEN

 

OPPE PÅ SOLTVEIT DAR BUR DA EIN MANN

OG DA E HAN BESTEFAR VÅRA.

EIT KONGENAVN HAR HAN, DA E KRISTIAN

I DAG HAR HAN FYLLT NITTI ÅR, JA.

 

REF:

GAMLE BESTEN , GAMLE BESTEN.

DEN BESTE I ÅR SOM I FJOR.

GAMLE BESTEN, GAMLE BESTEN.

DEN BESTE AV BESTAR PÅ JORD.

 

HAN GÅR ETTE VEIEN KVAR EINASTE DAG

FORVETEN PÅ ALT SOM GÅR FØRE.

OG STUNDOM SO GÅR ME PÅ TURAR I LAG.

DÅ FÅR ME FRÅ GAMAL TID HØRE.

 

REF:

 

ME HØRER OM TIDER SOM NO HAR RENT BORT.

OM SLITET OG KAMPEN FOR GRØDA.

OM SILD OG OM POTE, OM FLATTBRØ OG MORT.

SOM DEN GONG VA HOVEDFØDA.

 

REF:

 

ME VEIT DU E GAMAL, EIN DAG VERT DA STILT.

DÅ GRET ME NOK MÅNG EI TÅRA.

Å TENKJA PÅ DET E SO SØRJELEG ILT.

SO STREKK DEG MOT HUNDREÅRA.

 

GAMLE BESTEN, GAMLE BESTEN,

DEN BESTE I ÅR SOM I FJOR.

GAMLE BESTEN, GAMLE BESTEN,

DEN BESTE AV BESTAR PÅ JORD.